Musikknyheter fekk ein kjapp prat med bandet, rett før øvinga til den komande Norgesturneen startar til helga. Heile bandet var på plass, og prata villig vekk om den nye plata, Out of The Dark, som kom ut for nokre veker sidan. Den har kanskje vorte hakket lystigare og meir melodiøs enn den forrige. Så korles har prosessen vore kring denne plata?

- Det var jo mykje melodi på den forrige også! Og så er det jo ikkje noko sann veldig kalkulert plan når vi startar å lage låter, det blir som det blir, det er jo litt som et maleri som skal malast. Men vi var kanskje på ein litt mørkare plass då, før Peacemaker-suksessen enn vi var då vi skulle jobbe med denne plata. For då var vi langt nede! Men eg trivast der! Skyter bassist Bernt «Flash» Jansen inn. Ja, men vi kjem vel aldri til å bli et black-metal band heller, kontrer Åge Steen «Teeny» Nilsen inn. Vi har vel alltid vore eit partyband, og det er vi fortsatt. Men vi er uansett veldig fornøgde med resultatet!



Lite kalkulert

Uansett lyst eller mørkt, er det eit litt modernisert og tyngre lydbilde på dei to siste platene, i forhold til dei eldre. Og heller ikkje dette var noko veldig bevisst prosess, skal vi tru bandet.

- Vi har jo tatt med oss en del av det som skjedde dei åra vi var borte, og satt det sammen med det vi var før, og det har blitt noko vi ikkje heilt veit kva er! Men vi er som sagt, veldig fornøgde med resultatet, og det tek ikkje mange sekunda før du høyrer at dette fortsatt er Wig Wam. Vi gjorde jo mykje på kvar våre kantar mens vi hadde pause, og har tatt med oss litt av det inn igjen i bandet. Om ein ser på den siste plata vi gav ut, Wall Street, så er det kanskje den mest schizofrene plata vi har laga. Så det var tydelig at vi trengte å gjere våre egne ting, før vi kunne kome sammen igjen og skrive Wig Wam låter igjen, seier bandet.



Meir variert

Og når dei kom saman igjen, vart dei også inspirert av kvarande, og gav kvarandre plass, både på scena og på plate.

- Vi har hatt det veldig mykje kjekkare på dei to siste platene her, enn det vi hadde før. Og så gir vi kvarandre den plassen vi syns at alle fortjener. Vi har jo heilt sidan starten hatt et innslag med gitarsolo både i showet og på plate, og alle bidrar inn til å skrive låter sammen. For eksempel synger jo Bernt på dei demoane av sine låter, og ofte passer den vokalen bedre enn Åge sin. Og det gir en fin variasjon i musikken, sann vi slepper at alle låtene høyrest like ut, det hadde blitt kjedelig! Slår bandet fast.

Peacemaker og Do You Wanna Taste it

I kjølvatnet av gjenforeninga i 2020, kom covid, og ting var ikkje enkelt for dei som jobba i musikk og kulturbransja. Dette gjaldt også for Wig Wam, som mitt i sitt comeback, måtte kjempe mot covid og utsatte konsertar.

- Det var ei tung periode, for vi hadde akkurat gitt ut ei ny plate, og ville ut å spele. Vi fikk nokre få konsertar som var sponsa av staten, med maks 100 stk. Men etter kvart var alt fullt, for det var utsolgte konsertar for fleire år tilbake som vi måtte konkurrere med, så det stoppa nesten av seg sjølv. Og ikkje fikk vi komme i radio eller tv-studio pga covid.



Men då det såg som mørkast ut dukka det plutselig opp ei gammal låt, Do You Wanna Taste It på introen til den nye tv-serien «Peacemaker». Denne snudde heilt om på muligheitene til bandet, samtidig som covid sakte trakk seg tilbake.

- Ja, så kom Peacemaker som en gavepakke! Og musikken vår passa jo perfekt inn der, med litt humor og tegneserieuniverset som bakgrunn. Og låta gikk jo sin egen vei, og vart spelt på blant anna Yankee Stadium! Så etter det fikk vi jo umiddelbart kontakt med et management i USA, som ville ha oss bort med en gong. Og vi har jo hatt ei lita «bucket-list» med plassar vi ønsker å spele. Men så viste det seg at det tar tid å få arbeidsvisum der borte, så den turneen vi skulle ha i fjor, vart utsatt til i år. Og turneen i Australia er utsatt til november, pga covid.

Men no skal altså Wig Wam til statane, men gleder seg først til ein klubbturne i Norge no i Mars/april. Allereie til helga spelar dei i Førde og Bergen, før Trondheim får besøk den 10. mars, og Hamar og Halden i månedsskiftet Mars/April.