Foto: Øystein Bagle-Tennebø


Festivalens fyrste nedtur. Dette var kjedelige greier. Eit band som såg ut som dei ikke var veldig interessert i å vere der. Det er so synd. Mastodon var eit av fredagens trekkplaster. Og dei hadde trekt mange. Det var stappfullt foran Main Stage. Det kan godt hende at fansen fekk det dei var ute etter, men eg må seie at som musikkelskar og ivrig konsertgåar var dette trist. Det var ingen i bandet som klarte å overbevise meg om at dei hadde særleg lyst til å stå på den scena.



Musikalsk er dei jo greitt flinke, men det hjelp so lite når dei ser ut som ein gjeng med sure, gamle gubber som heller ville ha vore heime og sett eitt eller anna på Netflix.

Nei, dette var berre leit. Skjerpings! Eg veit ikkje anna å seie. Eg håpar fredagen og laurdagen tar seg opp etter dette!