Foto: Øystein Bagle-Tennebø
For eit par år sidan var ikkje Russican Circles i mitt musikalske repertoar. Men takka vere Spotify, dukka dei opp i forlsaga for kva eg kanskje likar med albumet Gnosis. Det traff ei nerve hjå meg. Ganske seigt og mørkt, utan at det var utprega knallhardt. Musikalsk kan det nok gå under fana post-rock / post-metal. Etter litt undersøking, fann eg ut at dette var ein trio frå Chicago. Etter denne fyrste openbaringa, har eg lytta med glede til både det eine og det andre av dei 8 albuma dei har slept. Gleda vår difor stor då eg såg dei skulle kome til Oslo og Parkteatret. Sjølv om bandet berre består av gitar, bass og trommer er Russian Circles kjent for sine energiske live-show, og har blant anna turnert med band som Isis, Tool og Daughters. Dette var spennande!
Det skulle vise seg at dette blei ein kveld med rifftung musikk med ein elegant miks av forvrengt, dronande metal med roligare, nesten tandre passasjar. Publikum blir meir eller mindre henført til ei slags transetilstand av dei suggerande og hypnotiserande tonane dei tre på scena trylla fram frå instrumenta sine. Kombinert med lyssettinga, skapte dette ei nesten magisk atomsfære. Det var mest som ein gløymde tid og stad!
Russian Circles har sidan starten ikkje vore redde for å utforske ulike lydar, stemningar og måtar å skape musikk på, noko som har gjort at fansen har lært å glede seg over alt fra repetetive variasjonar, ulik bruk av progressive element, og seige, tunge riff. Det er samtidig ei saleg blanding av rolege, nesten sarte melodiar og støyande noise rock på eitt og samme album, stundom alt dette ila ein og same låta til og med. Dette er noko dei alltid har streba etter å få fram live, og eg synes dei klarte dette på ein aldeles utmerka måte på Parkteatret denne måndagen. Det er seigt som sirup på det tyngste, og vevrande vakkert på det rolegaste. Ein heilt suveren kombinasjon. Styggpent til tider.
Det som diverre øydela ein del for konsertopplevinga, var dei tekniske problema dei fekk ein times tid inn i konserten. Det var eitt eller anna med gitarlyden som dei ikkje fekk heilt kontroll på, og det tok litt tid før dei kunne halde fram. Til tider høyrte vi godt at gitarist og trommis diskuterte problemet saman, og spesielt gitaristen var tydeleg irritert. Dei fekk orden på ting etter kvart, iallfall nesten, men etter dette fekk eg ei kjensle av øving meir enn konsert. Synd, men det trakk litt ned for min del. Når det er sagt, låtane dei leverte er so sterke at det vog mykje opp. Spesielt synes eg avsluttinga med Gnosis, Youngblood og Mlàdek var strålande. Ekstremt feite riff gjorde at det nesten fullstappa Parkteatret-publikumet nikka taktfast inn i natta!