Once Awake
Far Out And Beyond
Det hardtarbeidande metalcorebandet Once Awake er ute med album nummer fem
Den vanskelege oppgåva å anmelde musikk i ein sjanger du i utgangspunktet ikkje har noko veldig til overs for … Det burde ha eit eige namn, men det får bli ein annan gong. Once Awake er eit norsk band i metalcore-sjangeren. Det er ein utfordrande sjanger for meg, men eg skal gjere mitt beste i å vere uhilda og skrive so objektivt eg klarer.
Once Awake har kome ganske langt sidan eg fyrste gong anmeldte dei. Då dei slapp debuten Ever So Cold fekk dei 6 av 10 frå meg. Det eg trakk mest for då var at dei hadde tre ulike vokalar og at det sprakk litt i partia med cleanvokal. I utgangspunktet slit eg med kombinasjonen av growling og clean, so det hjalp nok ikkje det heller. Dette har dei heldigvis slutta med! Det er ingen låtar som har denne skrekkelege komboen, det trekk opp! Vokalen er hissig og aggressiv so det held, men det er nok der eg òg har mest å utsette. Det er eitt eller anna eg ikkje heilt får til å like. Men det er som sagt mitt lodd når det gjeld sjangeren. Med tanke på sjangeren, er vokalen klink på merket og eg synes vokalist Frode Hennø leverer det han skal!
Som vanleg er det tekniske på plass. Dei to gitaristane Hans Petter Solen og André Kongestøl Solberg riffar seg gjennom 37 tøffe minutt. Eg synes produksjonen har skrudd lyden deira meget godt. Den har ein distinkt piggtrådlyd der det skal vere det, og lyden på leadgitaren blir aldri overdøvande og druknar ikkje resten av musikken. Ørjan Paulsen på trommer er stødig som alltid, og komplementerer lydbiletet overbevisande.
Alt i alt synes eg Far Out And Beyond har blitt eit solid album. Det er sjangertru og kjem til å bli tatt godt i mot av fans av metalcore. Det er - so objektivt som eg klarer - eit sterkt album, og for meg er det ikkje tvil om at det er det beste og mest gjennomproduserte albumet Once Awake har gjett ut! Sjekk det ut sjølv om du ikkje trur meg.

FLERE ANMELDELSER
Jon Anderson & The Band Geeks - Live – Perpetual Change
Holder stemmen til ex-Yes-vokalisten på 80? >>
Beck - Singler og medvirkelser 2020-2025
Etter 6 år uten album fra Beck, men en rekke singler og samarbeid, er det på tide med en samlet anmeldelse >>
Yndling - As Fast as I Can og It's Almost Like You're Here
Noen har hvisket Yndling noe i øret om produsering >>
Sharon Van Etten - Sharon Van Etten And The Attachment Theory
Suksessfull kollaborasjon i splittelsens tid >>