Ein dag i september tikka det inn ein e-post frå Tobias i Sibiir: “Er det interessant å besøke oss i studio mens vi nå lager album #3?” Det var ein sokalla nobrainer. Sjølvsagt ville eg det! Dette var kult. Ein aldri so liten barndomsdraum å få vere i studio. Dog var draumen nok å vere der for å spele inn eigen musikk, men pytt sann, det var ein draum berre å få vere der mens magien skjer. Det blei kjapt avtalt at eg skulle møte opp i Caliban Studios. Det skulle vise seg at studioet hadde flytta frå Oslo til Odal. Ein litt lenger reiseveg enn fyrst tenkt, men likevel. Dette var berre å gle seg til.



I bilen på veg til studio, dukka det opp klipp inne i pæra frå spesielt to filmar. Den eine om då Red Hot Chili Peppers var i studio og spelte inn Blood Sugar Sex Magic med sjølvaste Rick Rubin og filmen (eller det var vel til og med to) frå då Metallica var i studio med Bob Rock og spelte inn Metallica, filmar eg såg om att og om att då eg var ein ung og aspirerande trommis. Det virka so kult å vere i studio, og gå inn i ei heilt eiga verd der alt som gjaldt var musikken, kameraderiet og tøys og tull. Eg var spent på om det var slik det faktisk er i den virkelege verda.



Caliban Studios ligg idyllisk til på eit gamal småbruk i Odalen, verkeleg midt i ingemannsland. Småbruket blei kjøpt under coronatida, og Ollis (Ole Petter Andreassen, trommis i Black Debbath) og kona Hilde bestemte seg for å flytte frå blodsentrum og kome seg vekk frå kjas og mas. Eg køyrte litt for langt, men det er ingen problem å ta ein meir eller mindre uregelmentert U-sving på ein landsens grusveg. Då eg omsider sto på tunet, høyrte eg feite gitarriff frå fjøset. Eg kjende gåsehuda sporenstreks. Eit gamalt, sirkulært sagblad sto utanfor. Der sto det “Sibiir i studio”. Eg var komen fram. Det tok ikkje lange tida før Tobias var der og tok i mot meg med eit stort smil. Det såg ut som han var ganske nøgd med arbeidet so langt, og kunne nesten ikkje vente med å ta meg med inn det aller heilagaste.



- Stig på!

Inne i fjøset blei eg møtt at resten av bandet, minus gitaristen som sat inne i produsentrommet og finpussa på ei låt. Det var meget heimekoseleg med djupe sofaar, gitarar og instrument på veggane, ein liten bar, og ei aldeles makalaus utsikt over Storsjøen.

- Ja, her må det vel kunne gå an å lage musikk?

- Det kan du trygt seie. Det er veldig deileg å vere her i bobla. Kome seg vekk frå alt av distraksjonar. Det er lett å bli forstyrre av livet elles. Alle i bandet (minus eit utskudd, hehe) har barn og faste dagjobbar. Det er jobbing, henting i barnehage, lage middag, osb. Då er det naudsynt å kome seg vekk! Vi har booka studio i 10 dagar, og då kan vi ha 100 prosent fokus på det vi er her for. Lage eit knakande godt album nummer 3. Det er ingen andre ting å finne på her, so då blir det oss fem, produsent Ruben Wilhelm, og Ollis og Hilde, som slepp inn. Hilde kjem innom med vaflar av og til, og på kvelden kan det hende Ollis stikk snuta inn og har med ei litta pils.



- Produsent Ruben? Er det ny produsent att? Var ikkje Andreas Westhagen produsent på Sibiir og Øyvind Røsrud Gundersen på Ropes?

- Ja, det stemmer. Det ligg ikkje noko spesielt i det. Produsenten er ein viktig del av eit album. Produsent og miks. Vi gjer jo mykje i samarbeid med produsenten, men han er veldig viktig for å få riktig lyd eller uttrykk. Akkurat Ruben har produsert mykje i samme sjanger som oss, og vi har likt det han har gjort der. Ein god produsent må i tillegg tørre seie frå, og faktisk vere litt psykolog inn i mellom. Her er Ruben god. I tillegg til å lage feit lyd! Han blir nesten som eit medlem av bandet.

- Fortell litt om innspelinga. Album nummer 3. Det er jo kanskje litt annerleis enn det frykta album nummer 2?

- Det kan eg godt. Det er som du seier album nummer 3, og vi har faktisk litt lavare skuldre. Vi har blitt eldre, med alt av positive og negative ting det dreg med seg. Vi har ikkje det same fokuset på å vere teknisk “perfekte” lenger. Miforstå meg rett; det er viktig å spele rett, vi er berre ikkje like opptatt av å få vist mest mogleg. Det er ikkje so viktig å presse so mykje tekniske viderverdighetar inn i ei låt lenger. Vi har ei større ro og kanskje til og med glede over musikken om dagen. Vi kan til og med nesten vere bort i ironi. Når det er sagt, vi har ei tidsramme. Studioet er booka for 10 dagar, so då MÅ vi berre bli ferdig. Det er jobbing frå morgon til kveld.

- Apropos å bli ferdig. Korleis er skriveprosessen?

- Tja. Det er litt fram og tilbake. Det som var viktig var å bli ferdig med å skrive alt før vi gjekk i studio. Vi har ikkje råd til å sitte her og bruke tid på å lage låtar. Dei må vi vere ferdig med før vi kjem hit. Når vi er her er det innspeling og finpussing. Men når musikken er ferdig, sender vi det til Jimmy (Nymoen, vokalist) i Ålesund. Det er han som skriv tekstane, so har han litt tid på seg å gjere desse ferdig.

- Ja, korleis synes du det går, Jimmy? Eg ser du sit med kladdeboka framme og skriv so blekket sprutar. Er du ikkje heilt ferdig?

- Nja, kva skal eg seie …



- Kva skriv du om? Har du noko tematikk du stadig vender tilbake til?

- Det er nok mest om ting som skjer i verda. All driten som foregår. Det er ikkje vanskeleg å kome opp med noko, for å seie det slik. Det er meir slik at eg ikkje heilt veit kvar eg skal slutte. Men det går jo på å vere forbanna på denne driten. Teksten må passe med det musikalske, og det er jo ganske aggressivt, då.

- Kor tid kjem albumet? Er de framleis på Fysisk Format, forresten?

- Vi får sjå. Albumet kjem nok ein gong over nyttår, mot sommaren ein gong. Vi har ikkje landa noko plateselskap enno. Vi betalar dette gildet av eigen lomme. Platekontrakta kjem nok seinare når vi har det ferdige produktet og vise til. Vi gjer jo uansett dette for oss sjølve. Fordi vi har lyst i å lage musikk. Spele live. Kunne henge med kompisar og gjere det vi diggar. Spelle!

Nok preik. Bli med inn til Ruben so skal du få høyre litt kva vi snakkar om her. Det er alltid meir moro!

Albumet Undergang er ute 14. juni på Fysisk Format. Det har allereie kome musikk derfrå, og det er meget oppegåande! Her er det berre å løpe og kjøpe. Dette er snadder! OBS: 19. oktober spelar dei på Parkteartret.